onsdag 2. mars 2011

47. Arne Aano


Arne Aano

”Den syngjande konditor” var frå Sauda i Ryfylke. Han var son av ein bakar og blei sjølv bakar. Faren, Kornelius Andersen, si slekt kom frå Sør-Karmøy, frå ein liten gard ved ei å, ei elv der. Men dei kalla seg Andersen. I 1899 flytte han til Sauda og vart ein frigjort kristen i vekkinga på Sand i 1904.

Og i den første tida då Arne reiste i Ryfylke, kalla han seg og for Arne Andersen. Han tok til i 1942 som songar og evangelist i Misjonssambandet, som då heitte Det Norske Lutherske Kinamisjonsforbund. Under krigen stilte han seg frimodig opp i gata med trekkspelet og song julesongar, rett framfor augo på tyskarane. Og dei sa ingen ting imot det.

Etter kvart kalla familien seg Aano etter elva (åno) på Karmøy. Og Arne kjente at Gud kalla ham til arbeid i sitt rike. I fleire år reiste han ut på einskildturar og fekk står i store vekkingar i bygder og byar. Han hadde folk nok i bakeriet i Sauda så han kunne vera ute.

Men det var lang veg frå Sauda inne i fjorden og til byen, som for folk flest her var Stavanger. Då kom tanken: Me flytter dit. Bakeriet vart selt og dei flytte inn i nytt hus på Madla. Der hadde hann innreia eit lite bakeri i kjellaren slik at han kunne driva som hobbybakar i ferien.

Ein gong var han i Vikedal og stod i mange veker på bedehuset i Osen saman med ein annan forkynnar. Dei prøvde med møter lenger oppe i Dalen, men der ville det ikkje løysa ut noko. Eg hugsar godt at Arne sette seg ved bordet der framme når møtet var slutt og grein. Så kom det sårt: Gud kan ikkje bruka meg her! Og det vart ikkje meir av møta den gongen.

Både vekkinga og misjonen greip Arne. Han hadde det i arv frå faren. Han vart brukt  til vekking mange stader, for folket kom som regel når Arne kom. Songen lydde klokkeklår og smilet var ikkje langt borte.

Ei av stadene var Finnøy i Rogaland. Det var i 1964-65. Det store bedehuset var fylt kvar kveld. Etter eit møte følte Aano og andre at det hadde vore stengt og åndeleg tungt. Han var inne på same tanken som før: Det nyttar ikkje her. Men før dei forlet bedehuset den kvelden, bad dei saman. Ein frå bygda kom bort til Aano og sa: Du må ta deg ein tur opp i stova til N.N. før du legg deg i kveld.

Den tungsindige konditoren rusla bortover vegen, måtte liksom samla krefter til den siste gjerninga i dag. – Stova var full av folk. Alvorlege menneske sat med bøygde hovud og tårer på kinn. Det var verdslege folk, som søkte liv i Gud. Dei var komne i syndenaud og fått omsut for sjela si.

Då vart det bønestund. Med gråt – og med song. Etter ei stund stråla dei va glede. Guds rike hadde vunne ein siger på øya. Og det var mange møte denne vinteren, og mest kvar heim hadde fått nye kristne hjå seg.

Når forkynnaren fortalde om dette etterpå, sa han berre: ”Me var så gripne.” Det nytta å be – Gud vil gjesta folket sitt. – Denne hendinga seier mykje om forkynnaren Arne Aano.

Han fekk mange år i tenesta etter dette, men ikkje alle stader hende de slike store ting. Litt om senn vart han gamal og sliten og måtte slutta av. Til Misjonens sin herre kalla han heim.
(Må utfyllast.)
-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.